
Austrheim barnehage
- saman om ein god barndom
Opningstider
Barnehagen har opningstider frå kl. 07.15 til kl. 16.30.
Kontaktinformasjon
E-post: austrheim.barnehage@enivest.net
Telefon: 57 86 62 20 / 947 82 137
Barnehageplass
Klikk her for å søke barnehageplass hjå oss via Gloppen kommune sine nettsider.
Saman om ein god barndom
Barn er forskjellige og har ulike sider som alle treng stimuli; både fysisk, intellektuelt og kreativt. Difor legg vi i Austrheim barnehage vekt på skape ein barnehage som både utfordrar barna og lar dei oppleve meistring knytt til både kjende og ukjende aktivitetar. Den frie leiken er viktig for at barna skal knyte sosiale band og oppøve sosiale ferdigheiter. Vi vaksne skal skape dei trygge råmene for at dette skal skje, i tett samarbeid med både foreldre og nærmiljø: Vi er saman om ein god barndom.
Om Austrheim barnehage
Vi er ein privat barnehage i Nordstranda krins i Gloppen kommune. Det er foreldra som til ei kvar tid har barn i barnehagen, som er eigarar. Det gjev svært gode høve for foreldra til å påvirke det som skjer i barnehagen. Ingen tek ut utbytte frå barnehagen, så alle inntektene går til å lage ein best mogeleg barnehage.
