Resultatleiing: Vårt arbeid med kvalitet i barnehagen.

Alle barnehagane i Nordfjord brukar verktøyet «resultatleiing» som system for å auke kvaliteten i arbeidet vårt. Vi tek utgangspunkt i nasjonale føringar og retningslinjer, og vi gjennomfører prosessleiing i personalgruppa. Kvart halvår blir det arbeidd ekstra med å auke kvaliteten på ein utvalgt del av dagen. Med å fokusere på eit lite område om gongen, ynskjer vi å få personalet til å arbeide saman med ein varig «beste praksis» Temaet for halvåret blir informert om på foreldremøte, oppslag og årsplan.

Omsorg, leik, danning og læring.
– Arbeid med omsorg, leik, danning og læring må sjåast i samanheng.
-Innhaldet i barnehagen skal vere allsidig, variert og tilpassa barnet og barnegruppa.Barnehagen skal aktivt legge til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barn og personalet.
Vi vil samarbeide med heimen til barnet sitt beste.
Vårt motto er «saman om ein god barndom».
Vi vil vere med på å ta vare på barna sin nyskjerrighet, engasjement og meistring. Barnet skal lyttast til og bli teke alvorleg.
Vi vil hjelpe dei til å etablere vennskap og gode relasjonar.
Leiken har sin eigen verdi. Barna leikar fordi det er det kjekkaste dei veit.
Som ein bonus lærer barna mykje i leiken:
-å ha det kjekt i lag med venene sine.
-å utvikla seg språkleg, sosialt, emosjonelt og moralsk.
-å øve seg på samarbeid, forhandle, løyse konfliktar og problem.
-å lære nye ord.
-å vere kreative,bruke fantasien og eksperimentere.
-lære noko om korleis verda fungerer.


Kva kle bør barna ha i barnehagen?
Tilpassa årstid:
Shorts og t-skjorte
Eit sett regnkle
Støvlar
Ein lett vårdress/ haustdress (eller bukse og jakke til utebruk)
Cherox (fora støvlar til kalde, våte dagar)
Varme vintersko (til fine, kalde dagar)
Varm vinterdress
Vottar, buff (hals) og lue.

I korga bør der alltid vere eit ekstra skift, dvs:
To par sokkar
To truser (fleire om ein er i bleieslutt-perioden)
To bukser
T-skjorte/ trøye
Gensar
Om det er skikkeleg våte dagar, ha gjerne eit skift i sekken og …

Vinterstid bør der også vere:
Tjukkesokkar
Ullstilongs
Ulltrøye
Gjerne eit fleece-sett
Ekstra par vottar.
Tips: Ullsillongs og ullsokkar er gjerne varmare enn strømpebukser. Det er også lettare for oss å skifte eit par sokkar enn å ta av alt for å skifte strømpebukse.
Vi har to varmeskap på huset, og vi prøvar å tørke det meste der. Om det er gjennomvått eller skittent, sender vi kleda heim i posar. Om regnkleda heng på trappa, er dette eit teikn på at de må ta dei heim til tørk eller vask.

Vi ynskjer sideopning på bleiene for å gjere bleiebytta enklare.

PS! Hugs å merke kleda!