Om oss
Vi er ein privat barnehage i Nordstranda krins i Gloppen kommune. Det er foreldra som til ei kvar tid har barn i barnehagen som er eigarar. Det gjev svært gode høve for foreldra til å påvirke det som skjer i barnehagen. Ingen tek ut utbytte av barnehagen, så alle inntektene går til å lage ein best mogeleg barnehage.
Vi har fokus på friluftsliv, omsorg for, og bruk av naturen og læring gjennom leik. Grillhytta vår “Brendebu” er eit fint turmål. Barna blir vant med å gå tur i terrenget, lærer om fuglar, dyr og småkryp under veis.
Turar i nærområdet som har mykje å by på: Vakker natur og dyreliv, skog og fjord, flyplass, folkehøgskule, nabobarnehagar og gårdsdrift.
Austrheim barnehage fokuserer på at barna er ulike og har ulike behov og interesser: Barna har t.d. både ei fysisk, ei intellektuell og ei kreativ side. Alle desse sidene ved det å vere små menneske blir jobba med i ein lærande sosial samanheng.
Barnehagen, familien og samfunnet er saman om ein god barndom.
Meir informasjon: Sommerstengt vekene 29 og 30
Les om våre satsingsområde
Tilsette i Austrheim barnehage
Prisar og søknad om barnehageplass
Søknadsskjema
Facebook-side
Vedtekter og retningslinjer
Rammeplan
Årsplan 2024-25
