Barnehagen vår er ein plass der alle kan finne sine aktivitetar og interesser. Vi har tre  satsingsområde som vi meiner er viktige for alle born, og som legg eit godt grunnlag for vidare utvikling.

Kreativitet

Born treng å utfalde seg kreativt for å utvikle seg. Vi gir borna eit pusterom i kvardagen gjennom kreativ utfalding på eigne premiss. Vi legg vekt på at borna skal kunne øve på eigen kreativitet, og prøve ulike formingsteknikkar som gjev dei mest fantastiske kunstneriske resultata.

Fysisk aktivitet

Borna får trena på motoriske ferdigheiter og blir glad i å bruke kroppen. Vi brukar leikeplassen og nærområdet med skog, bøar og fjære, og har og vår eiga grillhytte som ligg i gangavstand til barnehagen. Der har vi lagt til rette med m.a. klatretau og zip-line.