Prisar

Dei private og kommunale barnehagane i Gloppen har felles søknadskjema og felles opptaksmøte. Du søkjer via elektronisk skjema på Gloppen kommune sine nettsider. Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske skjemaet, kan du ta kontakt med servicetorget på heradshuset. For å bruke skjemaet treng du ei e-postadresse.

SØK BARNEHAGEPLASS

Søknadsfrist
Søknadsfrist til hovudopptak er sett til 1. mars for alle barnehagane i kommunen. Barnehageåret startar 15. august same året. Utanom hovudopptak kan du søkje om plass forløpande. Då tek du kontakt med oss direkte og spør om vi har ledige plassar.

Prisar: Vi følger prisane til Gloppen kommune. 
Familiar med låg inntekt kan søkje kommunen om å få redusert pris.
Kostpengar skal betalast etter sjølvkostprinsippet

Kom gjerne på besøk!
Du er hjarteleg velkommen til å besøkje oss og sjå korleis vi har det. Ta kontakt kortid som helst, så avtaler vi ei tid for eit uforpliktande besøk.

Velkommen som søkjar til Austrheim barnehage!